Kort fortalt

Ordførarar ber for hurtigbåt

Vil ha Ålesund-Bergen-rute.

Marius Rosbach
10.11.2022

Fleire kastar seg inn i kampen for at fylkespolitikarane skal halde fram arbeidet med hurtigbåt Ålesund-Bergen gjennom Stad skipstunnel.

Ordførarane i Vanylven, Kinn og Stad ber politikarane i Møre og Romsdal om å trasse innstillinga frå fylkeskommunedirektøren om å innstille arbeidet med å etablere ei hurtigbåtrute mellom Ålesund og Bergen.

Ordførarane Ola Teigen i Kinn, Lena Landsverk Sande i Vanylven og Gunnar Silden i Stad påpeiker at det tek tre år frå utlysing til ei rute er i gong. Dei viser til at nullutslepp for hurtigbåtar er innan rekkevidde, og trur staten vil vere med på eit spleiselag på

– Det som er helt klart er at ein hurtigbåt i dag ikkje det same som en hurtigbåt om fem år, skriv dei i ei pressemelding og meiner det er svært uheldig om arbeidet som er sett i gong vert stoppa.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal får saka på sitt bord torsdag.

Publisert: 10.11.2022 21:51

Sist oppdatert: 10.11.2022 22:17

Mer om