NPK-NTB: Under halvparten av arbeidsstyrken i Noreg er fagorganisert. LO, Unio, YS og Akademikerne slår seg for første gong saman for å få fleire til å organisere seg.
Fram til starten av 90-talet steig delen av yrkesaktive i Noreg som er medlem i ei fagforeining. Så begynte den å falle og hamna under 50 prosent i 2008. Organisasjonsgraden i dag er 49 prosent, skriv Klassekampen.
Fagorganisasjonane her i landet har fått 118.000 fleire yrkesaktive medlemmer sidan 2006, men samtidig har sysselsettinga auka med 300.000.
– Vi er alle einige om at ei sterk fagrørsle er viktig for ei god samfunnsutvikling, seier Unio-leiar Ragnhild Lied til .
Dei fire organisasjonane har laga ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe for prosjektet. Første skritt blir å analysere årsakene til nedgangen. Dei vil deretter setja inn felles tiltak på tre felt – kva dei sjølve kan gjere, kva slags politiske tiltak som kan setjast i verk og kva slags informasjonstiltak som trengst.
– Det er behov for eit mykje sterkare fokus frå grunnskulen og opp. Ein lærer ikkje om hovudavtalen på grunnskulen, ungdomsskulen eller vidaregåande, påpeikar LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.
Lied legg til at det ikkje blir så mykje betre seinare i utdanningsløpet.
– Etter- og vidareutdanning for leiarar har vi ei stor utfordring med. Dei er ofte prega av amerikansk leiingsideologi, langt frå vårt arbeidsliv. Her må vi snakke med fagmiljøa og jobbe med læreplanane, seier ho.

Publisert: 18.08.2017 12:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41