Kort fortalt

Vil gjere det enklare å drive foreining

Nybø vil ha ny lov.

25.06.2020
NPK-NTB: Næringsminister Iselin Nybø (V) vil utarbeide ei ny lov som vil gjere det enklare å opprette, drive og avvikle foreiningar i Noreg.
Det er i dag rundt 100.000 foreiningar rundt om i landet, men det finst inga lov som regulerer foreiningsforma.
– Poenget med ei ny foreiningslov er at ho skal vere kort, lettfatteleg og berre regulere dei mest sentrale spørsmåla, seier Nybø i pressemelding.
Lova skal òg bidra til auka aktivitet innan foreiningslivet, og dessutan bidra til meir tydelege reglar når det gjeld til dømes innkallingsreglar for årsmøte, styreval og liknande. Oppdraget om å utarbeide eit lovforslag er torsdag lagt ut på vanleg måte, og det vil bli arrangert innspelsmøte der foreiningar og andre kan komme med forslag.

Publisert: 25.06.2020 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26