NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo: Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet går saman i Stortinget mot regjeringa og doblar talet på nye fagskuleplassar frå 1.000 til 2.000 i haust.
Og medan regjeringa i revidert nasjonalbudsjett nyleg foreslo 1.000 nye toårige plassar, er dei tre partia samde om å gjere dei nye fagskuleplassane permanente.
Samtidig vil Ap, Frp og Sp no sørgje for ein opptrappingsplan på 1.000 nye studieplassar per år i fem år, slik fagskulane sjølv har bede om i ei høyring.
– Dette er målretta høgare yrkesfagutdanning som er godt tilpassa behovet til det regionale næringslivet, seier Sps Marit Arnstad til NTB.
1.000 nye fagskuleplassar kostar 36,8 millionar kroner. Semja på Stortinget tyder at det no må setjast av ytterlegare 36,8 millionar kroner. Totalt er det i dag omkring 16.000 fagskuleplassar.
I tillegg er dei tre opposisjonspartia samde om å krevje at regjeringa legg fram forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskular.
– For Frp er det viktig å endre finansieringssystemet, som i dag ikkje har nokon insentiv for kva studenten gjer etter sluttført utdanning, seier leiaren i utdanningskomiteen Roy Steffensen (Frp).
– No som relevant arbeid etter sluttført studie skal bli ein faktor, vil det føre til eit tettare samarbeid mellom arbeidslivet og universitet.
I tillegg må regjeringa opprette bransjeprogram for olje, gass, leverandørindustrien og maritim sektor.
Steffensen viser til at 200.000 arbeidarar i oljenæringa no vil få eit eige bransjeprogram, slik næringa sjølv har etterlyst.
Det må òg kome på plass eit partssamansett utval for å greie ut korleis arbeidstakarar kan opparbeide seg ein rett til kompetanseheving gjennom arbeidslivet, krev dei tre opposisjonspartia.
Aps Torstein Tvedt Solberg meiner Stortinget tvingar regjeringa til å handle.
– Vi har gått eit stort steg i retning av å sikre alle arbeidstakarar ein lovfesta rett til kompetansepåfyll, for ingen skal frykte å gå ut på dato i jobben sin, seier han.
Ap, Frp og Sp er òg samde om ei ny insentivordning for at små og mellomstore bedrifter skal investere i å auke digital kompetanse for sine tilsette. I tillegg må regjeringa kome med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde vaksne utan rett til vidaregåande opplæring.

Publisert: 20.05.2020 13:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27