Tor oivind aa montasje hyen foto brodrene aa
NY DRIFT: Målet til Aa-familien er å vere i gang med ny drift her innan to-tre veker. Tor Øyvin Aa (innfelt) er fungerande dagleg leiar. Foto: Brødrene Aa/Andreas Eikeset Nygjerd
Nytt

Aa-familien går inn med 30 millionar

– Eg er ikkje i tvil i det heile tatt, seier Tor Øyvin Aa om sjansen å lukkast med å kome i gang med ny hurtigbåtbygging i Hyen.

21.10.2025

I førre veke vart det klart at det ikke blir noko finsk eigarskap i Hyen, etter at forhandlingane med finske Summa Defence om å bli ny majoritetseigar vart avslutta.

I staden kom meldinga om at Aa-familien startar opp i eigen regi, gjennom selskapet Brødrene Aa Hyen, med Tor Øyvin Aa som fungerande dagleg leiar. 

Bak selskapet står dei seks familiegreinene i Aa-familien. Gjennom selskapet Brødrene Aa Eiendom har familien allereie starta ny drift i anlegget i Eikefjord i Sunnfjord, gjennom eit eige datterselskap. No vil gjere dei same i Hyen gjennom datterselskapet Brødrene Aa Hyen,

30 millionar
Brødrene Aa Hyen skal oppkapitaliserast fortalde selskapet i ei pressemelding i går.

Det betyr å fylle på med eigenkapital. Alle detaljane er ikke på plass, men planen er å gå inn med 30 millionar kroner, fortel Aa, og dei midla kjem frå Aa-familien.

Fem fartøy
Pressemelding fortel og at selskapet "er avhengige av å få avklaring på viktige detaljer for å kome vidare".

Det betyr først og fremst å kome i mål med oppgjeret etter konkursen, mellom långivarane og selskapa som bestilte dei fire av dei fem båtane som ligg neste eller delvis ferdig i Hyen. 

– Det må ferdigstillast før du får realisert verdiane, seier Aa.

Målet er å gjere alle båtane ferdig gjennom den nye selskapet.

Konkurs etter kansellering
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30. mai i år.

Bakgrunnen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.

168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som er den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.

For den eine av dei fem båtane som ligg i Hyen - bygg 318 - er oppgjeret etter konkursen allereie på plass og bank og buet har fått realisert verdiane. Det er ein av de tre båtane som Norled hadde bestilt. Den er seld til Geiranger Fjordservice, men skal byggast om for å tilpassast turisttrafikk. 

Publisert: 21.10.2025 11:30

Sist oppdatert: 21.10.2025 19:55

Mer om