NPK-NTB: Men regjeringa varslar tiltak for å få ned delen innleigde arbeidarar.
Det varslar statsminister Erna Solberg (H) etter eit såkalla toppmøte om kampen mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping måndag.
– Vi kan sjå på kva for tiltak vi kan setje i verk for å få ned innleigedelen, særleg i Oslo, seier ho til NTB.
Samtidig viser både regjeringssjefen og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) til at eit generelt forbod mot innleige av arbeidskraft ikkje er vegen å gå i kampen mot useriøse aktørar.
– Vi meiner eit forbod mot innleige vil vere altfor rigid. Vi ser at mange bedrifter og bransjar har behov for den fleksibiliteten frå tid til annan, seier Hauglie til NTB.
Både SV, Raudt og Arbeidarpartiet har komme med ulike forslag knytt til forbod mot innleige av arbeidarar.

Publisert: 26.02.2018 20:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39