Kort fortalt

Vil ha garanti for opprydding etter taredyrking

Same krav som for blåskjeloppdrett.

07.09.2017
NPK: Fiskeriministeren gjer framlegg om ei garantiordning for å sikre opprydding av anlegg for taredyrking.
– Utgangspunktet er at den ansvarlege skal rydde opp etter seg. Utfordringa er dersom det ikkje finst eigar for eksempel etter ein konkurs. Vi foreslår derfor at tareoppdrett får det same kravet om sikring som vi har i blåskjeloppdrett. Samtidig foreslår vi å heve beløpet til 3.000 kroner per dekar, seier fiskeriminister Per Sandberg. Forslaget går ut på at garantiordninga berre vil gjelde for nye anlegg.
– Interessa for oppdrett av tare er aukande, og det er utruleg spennande. Tareoppdrett kan vere ein av fleire artar som bidrar til framtida for norsk sjømatnæring, seier fiskeriministeren.
Nærings- og fiskeridepartementet har til no innvilga 37 søknader om dyrking av til saman 30 ulike artar. Ein må ha akvakulturløyve både for oppdrett i sjø og på land. Departementet foreslår å flytte behandlinga av søknader til fylkeskommunen. Det vil vere i tråd med praksis for annan oppdrett.

Publisert: 07.09.2017 20:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41