Kort fortalt

Vil ha koronastøtte fram til hausten

NHO meiner at ordninga må forlengast.

28.04.2020
NPK-NTB: Etter éi veke har over 12.000 bedrifter som fekk omsetninga halvert i mars, fått innvilga støtte. No vil NHO forlengje ordninga fram til over sommaren.
– Tapa i næringslivet er dramatiske, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum til Klassekampen.
Dei meir enn 12.000 bedriftene som har fått koronastøtte, har til saman fått over ein halv milliard kroner, men det er ikkje i nærleiken av å dekkje tapa, som skal vere på over 5 milliardar kroner berre i mars – og det kjem meir.
Kontantstøtta skal dekkje det aller nødvendigaste av faste utgifter, som husleige, lån og utgiftspostar som uansett skal betalast.
NHOs forslag til endringar inkluderer at ordninga held fram til hausten og at regjeringa fjernar eigendelen på 10.000 kroner, som organisasjonen meiner rammar små selskap. Dernest vil NHO at store selskap ikkje skal forfordelast, for dei får no støtta kraftig redusert.
Over 12.000 bedrifter hadde søkt om og fått krisestøtte for mars månad måndag morgon. Bedriftene har tapt over 5 milliardar kroner, og fått ein halv milliard i krisestøtte.
NHO ønskjer òg at regjeringa likestiller tvangsstengte bedrifter og andre selskap, der bedrifter som er pålagt stengde i dag får 90 prosent av faste kostnader dekt, medan andre får 80 prosent.

Publisert: 28.04.2020 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28