Kort fortalt

Vil ha krisepakke til fylkesvegar

Vil sikre arbeidsplassar og vedlikehalde vegar.

08.05.2020
NPK: Opplysningsrådet for Veitrafikken vil ha eigne koronamidlar for å sikre arbeidsplassar og vedlikehald på vegane.
Dei meiner regjeringa sine tidlegare krisepakkar bør følgjast opp av ein målretta tiltakspakke for fylkesvegane. Organisasjonen ber no om ei ekstraløyving på 2 milliardar per år til fylkeskommunane dei neste fem åra.
– Gjennom å gi spesifikke koronamidlar til fylkesvegane, vil ein på ein effektiv måte sikre at små og mellomstore entreprenørar over heile landet kan få dei tilsette tilbake i arbeid igjen, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) til
Krisepakken skal bidra til å fjerne etterslep på vedlikehaldet på fylkesvegane, meier OFV.
Helge Orten (H), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, seier til NRK at det vil vere behov for tiltak som kan bidra til å stimulere aktiviteten i økonomien når samfunnet gradvis normaliserer seg.

Publisert: 08.05.2020 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27