Båtlivsundersøkinga 2023 viser at seks av ti ynskjer ei lågare promillegrense på sjøen. Over 40 prosent vil senke grensa til 0,2, slik som på land.
Vel 17 prosent ynskjer at promillegrensa på sjøen skal senkast til 0,5. I dag er grensa på 0,8 promille.
– Det er for mange båtskadar og dødsulykker kvart år som skuldast alkohol og rus. Med ei promillegrensa på 0,8 legitimerer vi i realiteten av det er OK å drikke alkohol medan ein køyrer båt. No er det over 20 år sidan Noreg senka promillegrensa på vegen til 0,2, og vi meiner det er på tide å gjere det same til sjøs, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.
Ulykkesstatistikken frå Sjøfartsdirektoratet viser at av 168 omkomne i fritidsbåtulykker sidan 2017, så var 38 prosent av dei var påverka av alkohol eller andre rusmiddel.
– Dei tre siste åra har mange tusen ferske båteigarar kasta loss, og i fjor registrerte forsikringsbransjen 6.663 båthavari og totalt 11.277 båtskadar. Mange av desse er relaterte til alkohol, og for ein smårusa båtførar med ein lovleg promille på 0,8 innanbords er risikoen for nedsett reaksjonsevne og feilvurderingar høg. Vi trur ei senking av promillegrensa vil vere eit effektivt tiltak for å få ned talet på båtskadar og dødsulykker til sjøs, seier han.
Det går fram av Båtlivsundersøkinga at det er 1.067.000 fritidsbåtar i Noreg, og at nesten halvparten av oss, 45,3 prosent i alderen 18 til 74 år, var på ein eller fleire båtturar i fjor.
Båtlivsundersøkinga 2023 er gjort av analysefirmaet Opinion AS for Kongelig Norsk Båtforbund, Tryg Forsikring har gitt økonomisk støtte til undersøkinga.
Publisert: 02.05.2023 10:00
Sist oppdatert: 02.05.2023 10:00