Vil ha maritim likestillling
Regjeringa lanserer handlingsplan.
NPK-NTB: Regjeringa lanserer ein handlingsplan for auka likestilling i maritim sektor.
– Eit av våre viktigaste oppdrag, seier fiskeriministeren.
I 2021 fatta Stortinget eit einstemmig vedtak om å be regjeringa utarbeide ein strategi for å auke likestillinga i den maritime næringa. No følgjer regjeringa opp dette, og legg fram ein strategi med fire innsatsområde.
– Vi skal leggje til rette for at næringa tiltrekkjer seg arbeidskraft og held oppe konkurransefortrinnet sitt i møte med endringar i marknaden og samfunnet. Det er eit av våre viktigaste oppdrag, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I tillegg til den nye strategien, seier Skjæran at han om kort tid vil ta initiativ til ei samarbeidserklæring med arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane. Erklæringa skal også rette seg mot eit internasjonalt publikum.
Regjeringas nye strategi identifiserer fire innsatsområde for å betre likestillinga:
* Rekruttering og rollemodellar
* Eit arbeidsmiljø for alle
* Eit arbeidsliv fritt for trakassering
* Ein tilpassa arbeidsplass
I dag er det generelt låg kvinnedel i maritim sektor. Blant dei som jobbar om bord på skip, ligg andelen på 11 prosent, medan kvinneandelen i den breiare maritime næringa ligg på 21 prosent.
Publisert: 06.06.2023 16:13
Sist oppdatert: 06.06.2023 16:13