Kort fortalt

Vil ha meir pengar frå oppdrettsnæringa

Kystordførarar med krav.

05.06.2020
NPK: Ordførarar langs heile kysten meiner havbrukskommunane kjem dårleg ut i det nye forslaget til skattlegging av oppdrettsnæringa.
Fleire medium fortel at over 70 kystordførarar har skrive under eit opprop der dei protesterer mot forslaget til ny skattlegging av oppdrettsnæringa og korleis inntektene frå Havbruksfondet er tenkt fordelt.
I dag er fordelingsnøkkelen ifølgje avisa slik at oppdrettskommunane og -fylka får 80 prosent av konsesjonsavgiftene oppdrettsselskapa betalar for nye anlegg, medan staten får 20 prosent. I det nye forslaget blir det derimot lagt opp til at staten får 75 prosent av desse inntektene ifølgje avisa.
Trass i at det er føreslege å innføra ei produksjonsavgift på 40 øre per produsert kilo fisk, som skal koma kommunane til gode, meiner ordførarane havbrukskommunane kjem dåleg ut.
– Dette er ei fordeling vi ikkje kan akseptera, skriv ordførarane i oppropet.
Dei viser til at kommunane har store kostnader med å leggja til rette for havbruksnæringa og krev at dei får ein større del av skatteinntektene frå oppdrettsnæringa.

Publisert: 05.06.2020 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26