Kort fortalt

Vil ha ny distriktsmelding

Korona har gitt auka fokus på distrikta.

23.04.2020
NPK-NTB: SV vil skrote distriktsmeldinga og ber regjeringa kome med ei ny melding der erfaringane frå koronakrisa blir tekne med.
SVs Karin Andersen seier til at regjeringa må trekkje distriktsmeldinga og starte på nytt.
– Etter koronakrisa gir det inga meining å behandle distriktsmeldinga som ho er. Vi må uansett lage ny politikk basert på erfaringane frå koronapandemien, seier ho.
Distriktsmeldinga vart lagd fram av regjeringa i oktober i fjor, men Andersen – som er leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget – seier at koronakrisa har vist kor avhengige vi er av distrikta, og at lokalsamfunn og næringsliv blir ramma med totalt uoversiktlege, langsiktige konsekvensar.
Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner likevel at meldinga peikar på grunnleggjande utfordringar som ikkje er endra av krisa. Ho seier at ein må skilje mellom kortsiktige tiltak for å handtere dagens situasjon, og tiltak for å møte meir langsiktige utfordringar.
– Regjeringa har fortløpande lagt fram forslag til tiltak for å handtere og redusere dei negative konsekvensane av denne krisa, også for distrikta, seier ho til avisa.

Publisert: 23.04.2020 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28