Kort fortalt

Vil ha statleg mineralselskap 

NPK
18.08.2021

(NPK): Ei gransking gjort av Noregs geologiske undersøkingar (NGU) i 2016 viser at det er mineral-verdiar for meir enn eit halvt oljefond under bakken i Noreg.

– Noreg bør vere med å vinne ut sånne mineral, sjølvsagt innanfor tolegrensene til naturen, seier stortingskandidat for Rødt, , til NRK.

Verda kjem til å trenge mengder av mineral framover. For skal verda unngå dei verste klimaendringane, kan vi trenge vindmøller og batteri. Og for å byggje desse tinga, trengst det mineral. Og enkelte av desse minerala finst berre nokre stader i verda – deriblant i Noreg.

Kristjansson ser moglegheitene, men han blir også bekymra.

– Eg fryktar at store internasjonale konsern skal komme inn og styrke seg enormt på våre felles naturressursar. Alle som bur i Norge eig det som er under bakken i Noreg, både til havs og på land, så det er nøydd til å komme fellesskapet vårt til gode, seier han.

Kristjansson vil ha eit statleg norsk mineralselskap.

Næringsminister Iselin Nybø (V) er ikkje like redd for dei utanlandske selskapa.

– Eg er også opptatt av at vi skal ha norsk eigarskap, men det betyr ikkje nødvendigvis eit statleg eigarskap. Eg er meir opptatt av det som vert lagt att lokalt, og at det er verdiskaping der, sånn at lokalsamfunnet føler at dei sit igjen med noko når dei gir frå seg grunn og må stå i dei ulempene som mineralnæringa utgjør, seier ho til kanalen.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2021 16:45

Sist oppdatert: 18.08.2021 16:47

Mer om