Mineralutvinning innfelt hans olav hide 11
INVESTORAR PÅ LAGET: Hans Olav Hide (innfelt) i Loke Minerals trur mineralutvinning på havbotnen kan bli en ny stor industri - med gode moglegheiter for eksport. No har dei fått inn nye investorar. Foto: Universitetet i Bergen/Skjermdump
Nytt

Får med investorar på mineraljakt

- Vi er kjempefornøgde, seier Hans Olav Hide til at dei får med store aktørar til å utvikle gruvedrift på havbotnen.

Marius Rosbach
13.08.2021

Technipfmc, Wilhelmsen-reiarlaget og Norsea-konsernet går inn i selskapet Loke Minerals, der sunnmøringen Hans Olav Hide er styreleiar.

- Vi er kjempefornøgde med at vi har fått med oss så sterke partnarar med kunnskap, teknologi og internasjonalt nettverk, fortel Hide til NETT NO.

Den utflytta gjerdsvikaren utgjer saman med Walter Sognnes og Tore Halvorsen trioen som står bak selskapet med adresse i Stavanger.

Kapitalutviding på 110 millionar
Loke Minerals satsar på mineralutvinning på havbotnen, og jobbar med ei kapitalutviding på 110 millionar kroner.

Technipfmc, Wilh. Wilhelmsen-reiarlaget og Norsea Group vil gå inn med til saman 85 millionar, ifølgje ei pressemelding frå partane. Når kapitalinnsprøytinga er fullført, vil Technipfmc og Wilhelmsen også ta plass i styret.

- Dette er eit veldig viktig steg vidare for selskapet, som kan sette i gong neste spennande fase, fortel Hans Olav Hide.

(saka held fram under)

Varm kjelde skorstein havbotnen foto wikimedia commons 11
VARME KJELDER: Varme kjelder eller «skorsteiner» på store havdjup spelar ei avgjerande rolle for at det oppstår mineral eller metall. Varmt sjøvann blir pressa ut og tek med ein miks av sediment som legger seg på botnen. Miljørørsla er skeptisk til korleis desse kjeldene kan bli påverka av mineralutvinning: Foto: Wikimedia Commons.

Tror på ny eksportindustri
Loke Mineral blei starta i 2019 og tek sikte på å bli ein leiande aktør i det som kan utvikle seg til ein ny stor industri.

- Olje -og gassindustrien har ein basiskunnskap og teknologi som veldig langt på veg kan danne basis for slike gruver. Dette har vi ein unik moglegheit til å bygge ut i Norge, og bli verdsleiande på, sa Hans Olav Hide i eit intervju med NETT NO i vår.

Ein rapport frå Rystad Energy viser at mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ei årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra. Det er meir enn dobbelt så høgt som moglegheitene som er antyda for havvindindustrien.

Miljømotstand
Regjeringa avslutta i april ei høyringsrunde om korleis det kan bli opna for leiting. Den viste at motstanden mot mineraljakta er stor i miljørørsla.

Hide er derimot overtydd om at det er mogleg å finne berekraftige måtar å drive på.

- Vi tek ikkje nokre snarvegar og skal klare å løyse dette, sa Hide i det same intervjuet.

Publisert: 13.08.2021 14:28

Sist oppdatert: 13.08.2021 14:49

Mer om