Mineralutvinning innfelt tina bru per espen stoknes foto Universitetet i Begen Olje og Energidepartementet Thomas Ekstrøm MDG Wikimedia Commons 11
FEKK SVAR: Per Espen Stoknes (MDG) fekk eit svar frå energiminister Tina Bru (H), som viste til det pågåande arbeidet med å lage eit program for konsekvensutgreiing av mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Foto: Universitetet i Bergen/Olje og Energidepartementet/Thomas Ekstrøm MDG Wikimedia Commons
Nytt

Måtte svare om mineraljakt til havs

MDG-politikar frå Ålesund viste til ei kritisk miljørørsle, men Bru er trygg på eit «godt beslutningsgrunnlag» for næringa som kan gi tusenvis av nye arbeidsplassar.

Marius Rosbach
08.06.2021

Per Espen Stoknes som representerer Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget, ville ha svar frå energiministeren, om korleis regjeringa vil sikre at mineralutvinning på havbotnen, ikkje er med å øydelegge verdifulle økosystem.

Den Oslo-busette ålesundaren viser til at ei samla miljørørsle stilte seg svært kritisk til at regjeringa vil opna områder for slik leiteverksemd.

– Vil få eit godt beslutningsgrunnlag
Stoknes fekk svar på sitt skriftlege spørsmål i Stortinget måndag.

Her viser energiminister Tina Bru (H) til at den pågåande prosessen også inkluderer konsekvensutgreiing. Det arbeidet skal i tråd med med lova om mineral på havbotnen, vise kva konsekvensar slik verksemd kan føre til.

– Det pågåande arbeidet legg til rette for at vi vil få eit godt beslutningsgrunnlag for å ta stilling til opninga av områder for havbotnmineralverksemd, seier Bru.

(saka held fram under)

Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis 11
BEHOV FOR MARITIMT UTSTYR: Mineralane vil bli pumpe til overflata til eit produksjonsfartøy, der dei blir samla og frakta vidare med andre skip til land. Illustrasjon: Rystad Energy

Kan gi stor verdiskaping
Statsråden påpeiker at gruveverksemd på havbotnen kan ha stort potensiale til ny verdiskaping og sysselsetting framover – og kan bli ei «ny, viktig havnæring», påpeikar Bru.

Ein rapport frå Rystad Energy viser at mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ei årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra. Det er meir enn dobbelt så høgt som moglegheitene som er antyda for havvindindustrien.

Dei mest optimistiske anslaga for sysselsettinga frå mineralutvinning, viser ifølgje rapporten at det kan bli skapt meir enn 20.000 nye jobbar i næringa her til lands.

– Må finne berekraftige måtar
NETT NO har tidlege omtala korleis det ligg an til å bli ein hard politisk dragkamp om korleis – og om ein overhovudet skal – opne for mineraljakt på norsk sokkel. Motstanden er stor blant både miljøvernorganisasjonar, forskarar og fiskeriinteresser. Mellom anna Miljødirektoratet meiner det allereie er behov for å dra i bremsa.

Samtidig er det store økonomiske interesser på spel for bedrifter, som gjerne vil bli ein del av denne verdikjeda.

– Ingen ønsker å gjere ting som er skadeleg for miljøet. Vi må finne berekraftige måtar å gjere dette på. Vi tek ikkje nokre snarvegar og skal klare å løyse dette, uttalte den utflytta sunnmøringen Hans Olav Hide, i eit intervju med NETT NO førre månad.

Han er styreleiar og medeigar i Loke Minerals og mellom dei som ser store moglegheiter for framveksten av ei ny maritim næring.

Publisert: 08.06.2021 14:08

Sist oppdatert: 08.06.2021 14:24

Mer om