Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
MOGLEGHEITER: Om industrieventyret blir ein realitet, ser rapportskrivarane føre seg at det også er behov for betydelege leveransar frå den maritime industrien. Illustrasjon: Rystad Energy
Nytt

Skarpe frontar om gruvedrift på havbotnen

Industri og reiarlag ser stort potensial, medan miljøvern- og fiskeriinteresser er sterkt kritiske.

Marius Rosbach
14.04.2021

Regjeringa har utført ein høyringsrunde om eit forslag til program for konsekvensutgreiing av mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Måndag gjekk fristen ut for å kome med høyringssvar og det er lagt ut 44 innspel til saka på regjeringa sine nettsider.

Fleire av høyringssvare viser til at mineraler kan bli viktig i det grøne skiftet industrien står ovanfor. Det vil truleg vere aukande behov for metall og mineral i åra framover, til alt frå batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Miljøorganisasjonar vil bremse no
Ein rekke miljøvernorganisasjonar, forskarar og fiskeriinteresser er svært skeptiske til og opne for gruveverksemd på havbotnen.

Mellom anna vil Framtiden i våre hender, Greenpeace, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Sabima og Verdens naturfond (WWF) allereie trekke i bremsen. I eit felles høyringssvar blir det konkludert med at det trengst meir kunnskap om dyreliv og områder på djuphavet, før det overhovudet blir vurdert å opne for slik verksemd.

NETT NO har tidlegare omtala innspelet frå Fiskebåt, som ber om at «føre-var»-prinsippet blir førande i vurderinga.

Trur næringa kan bli viktig for Norge
På den andre sida er ein rekke innspel frå næringslivet og industrien positive – og fleire ser store moglegheiter. Norges Rederiforbund er mellom dei som støttar forslaget til konsekvensutgreiing i sitt høyringssvar. Dei viser til at fleire undersøkingar viser at mineralutvinning på havbotnen kan bli ei viktig næring for Norge.

LO-forbundet Industri Energi stiller seg også positive til at det blir sett i gong ein prosess som tek sikte på å opne havområde for framtidig leiting og utvinning av mineral.

Dei ber samtidig om at det blir sett av betydeleg større midlar enn dei 30 millionane, som no er løyvd. Forbundet ønsker også at regjeringa aukar innsatsen for å auke utvinninga av mineralførekomstar på land.

Stor moglegheiter
Ein rapport frå Rystad Energy viser at mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ein årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra.

Det er meir enn dobbelt så høgt som moglegheitene som er antyda for havvindindustrien.

Dei mest optimistiske anslaga for sysselsettinga frå mineralutvinning, viser ifølgje rapporten at det kan bli skapt meir enn 20.000 nye jobbar i næringa her til lands.

Les alle høyringsinnspela her (ekstern lenke)

Publisert: 14.04.2021 09:02

Sist oppdatert: 14.04.2021 09:10