Kort fortalt

Vil ha svar om eksportsatsing i Ålesund

Bjørlo spør næringsministeren.

Marius Rosbach
27.03.2023

Stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) spør næringsminister Jan Christian Vestre kva som er status for den lova eksportsatsinga i Ålesund i eit skriftleg spørsmål i Stortinget.

Bjørlo viser til at Ap-statsråden lova å bygge opp eit «kraftig eksportorientert miljø i Ålesund», mellom anna med ti nye stillingar ved Innovasjon Norge sitt kontor i byen.

Lovnaden kom etter at Støre-regjeringa for eitt år sidan skrota ideen om eit eksportstrategikontor i Ålesund, som skulle stake ut kursen for nye eksportsatsingar.

Vestre lova at auken i bemanning skulle komme over noko tid. NETT NO omtala i januar tilsettingane av ein ny person hos Innovasjon Norge og ein ny person ved Eksfin-kontoret i Ålesund.

Publisert: 27.03.2023 20:45

Sist oppdatert: 27.03.2023 20:45

Mer om