NPK: Det har vore fleire demonstrasjonar og protestar på Haramsøya for å stanse utbygginga av vindkraft på øya. No ønsker Else May Norderhus (Ap) svar på konflikten.
Stortingsrepresentant Else May Norderhus (Ap) ber olje- og energiministeren svare på kva ho vil gjere for å dempe konflikten kring vindkraftutbygginga på Haramsøya,
Dei siste vekene har lokalbefolkninga demonstrert og aksjonert mot utbygginga, mellom anna ved å sperre for anleggsmaskinane som kjem i land med ferja frå fastland.
I eit skriftleg spørsmål viser Norderhus til innbyggjarane si maktesløyse overfor ein konsesjon som er gitt for mange år sidan, skriv NRK.
Ho meiner det er eit klart behov for å få på plass nye konsesjonsreglar raskt.

Publisert: 03.06.2020 22:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26