NPK: – Bøndene må øve meir og verte ein del av brannberedskapen på bygdene, meiner leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag etter ein fjøsbrann nyleg.
Rask reaksjon frå naboar med gjødselvogner hindra at tre bustadhus og over 20 dyr vart offer frå flammane då ein driftsbygning i Guddal i Fjaler vart totalskadd, fortel . Både brannvesenet og politiet rosar innsatsen frå bøndene.
Bondelagsleiar Anders Felde er imponert over innsatsen til yrkesbrørne i Fjaler. No etterlyser han eit betre samarbeid mellom bønder med gjødselvogner og brannvesenet. Gjødselvognene har plass til fleire tusen liter vatn som kan pumpast ut.
– Dette må vi øve på. Samstundes må naudetatane skaffe seg betre oversikt over kva for ressursar bøndene sit på. Her kan det handle om liv, og om å berge dyr og store verdiar. Bøndene har utstyret og er meir enn villige til å hjelpe til, seier han til NRK.
I dag er det kring 600 små og store brannstasjonar over heile landet. Det samla norske brannkorpset tel kring 12.000 profesjonelle og frivillige personar.
– I ein del av dei små bygdene er det langt til næraste brannvesen, så vi må ta meir på alvor at bøndene sit på store ressursar, meiner Felde.
Dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, er samd i at bønder med gjødselvogner kan vere til god hjelp når det brenn.
– Bruk av gjødselvogner kan vere utslagsgjevande for resultatet. Avstandane er store, og bøndene kan lettare kom raskt i gang med sløkking, seier Brandsøy.

Publisert: 05.06.2020 13:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26