Fleire grunneigarar på Tryggestad i Stranda reagerer på at dei ikkje er teke meir med i planane kring lokalisering av ein hydrogenfabrikk, skriv .
Grunneigarane Tor Arne Tryggestad og Odd Granerud, og Per Aamund Hauso, som blir nabo, fortel at dei gjerne vil bidra og meiner det viktigaste er at det ikkje går med dyrka mark til prosjektet.
– Dette kan knekke heilt motivasjonen til dei som skal ta over gardsbruka, seier trioen.
Om fabrikken blir lagt der den er planlagd, vil det forsvinne kring dekar, ifølgje avisa.
Grunneigarane fortel at dei vart overraska over å lese i lokalavisa at Hellesylt Hydrogen Hub såg føre seg plassering av fabrikken på marka deira.
– Det er framleis tidleg i prosjektarbeidet og vi må be om respekt for at vi må ha avklaring på kva som er mogleg før vi kan skissere konsekvensane for omgjevnadane. Utover det har vi ingen kommentarar før vi som sagt har meir konkrete alternativ å velje mellom, når vi kjem eit stykke ut på hausten, seier dagleg leiar Jan Arild Roppen i Hellesylt Hydrogen Hub til Sunnmøringen om saka.

Publisert: 10.08.2020 13:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25