NPK: Sist veke vedtok kommunestyret i Ålesund at målforma i kommunen skal vera nynorsk. Det har sett sinna i kok hos mange av innbyggjarane.
Etter vedtaket torsdag har fått hundrevis kommentarar og reaksjonar på Facebook-sida si om saka, fortel kanalen på eigne nettsider.
Mange brukar sterke ord og uttrykk. Det blir snakka både om språklege overgrep, fjøslatin og at Ivar Aasen aldri burde vore fødd.
Dei sterke reaksjonane heng saman med at dei fleste som bur i kommunen brukar bokmål, sjølv om bykommunen Ålesund frå nyttår slår seg saman med nynorskkommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog. Språkvedtaket er ifylgje NRK ein av premissane for samanslåinga.
Trass den sterke motstanden mot nynorsk, meiner ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) det er viktig at Ålesund som den største kommunen på Vestlandet, viser fram både nynorsk og bokmål og tek eit språkleg ansvar for å bruka meir nynorsk.
Ho strekar likevel under at ingen tilsette i kommunen vil bli tvinga til å bruka nynorsk.
– Det står i intensjonsavtalen at tilsette kan bruka bokmål innanfor kommunen, seier ho.

Publisert: 16.12.2019 10:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31