NPK-NTB: I ei undersøking gjennomført av Opinion svarar 73 prosent at dei ikkje vil at regjeringa skal opne for fritidsreiser til Sverige.
I ei undersøking har Opinion spurt nordmenn om dei tykkjer regjeringa bør opne for fritidsreiser til Sverige før sommaren. 73 prosent av dei spurde svarar nei. Berre 15 prosent svarar ja, medan 12 prosent svarar at dei ikkje veit.
– Det er eit krystallklart svar frå det norske folket, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion til .
Tidlegare denne veka vedgjekk den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell at Sverige burde ha gjort meir for å bremse koronasmitten.
– At nesten tre av fire nordmenn er imot fri turistflyt over svenskegrensa i sommar har truleg samanheng med inntrykket vårt av den svenske handteringa av koronasituasjonen. Det freistar lite med å vitje eit land med nærast fri flyt av virus, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.
Talet koronarelaterte dødsfall i Sverige er 4.562, viste tala på torsdag frå svenske folkehelsestyresmakter.

Publisert: 05.06.2020 13:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26