Kort fortalt

Vil ikkje stoppe vindkraftarbeid på Stad

Energiministeren viser til at ho ikkje har lov. 

08.09.2020
(NPK): I juni vedtok Stortinget at regjeringa må vurdere vindkraftkonsesjonar som ikkje er bygd, på nytt. Vindparken på Stad er framleis under vurdering, men energiministeren ser ikkje nokon grunn til å stoppe arbeidet på tilkomstvegen til den planlagde vindparken.
– Det er uhaldbart om dei gjennomfører irreversible inngrep før regjeringa har gått igjennom saka på nytt, slik Stortinget vedtok før sommaren, seier Lars Haltbrekken (SV) til
I eit skriftleg svar til Fjordabladet seier Tina Bru at ho ikkje har lovheimel til å stanse arbeidet.
– Tilgjenget til å stanse iverksetjing av konsesjonsvedtak er avgrensa og krev klar heimel. Per i dag kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for stans i denne saka, skriv olje- og energiministeren.
Det svaret er ikkje Haltbrekken fornøgd med.
– Utbyggjaren tek på seg eit enormt ansvar og tek ein stor risiko viss det no vert gjort inngrep i naturen på Stadlandet som det ikkje er råd å fjerne. Kva om regjeringa finn ut at konsesjonen er ugyldig, og då trekker den tilbake? Då har utbyggjaren gjort stor skade i naturen utan eigentleg å ha lov til det, seier han.

(©NPK)


Publisert: 08.09.2020 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25