(NPK): Eit norsk forskingsprosjekt skal prøve å fange 250 kilo store makrellstørjer og lagre dei levande i merd.
– Klarer vi det kritiske punktet, å få størja oppi transportmerden, får vi til resten, seier fangstforskar Manu Sistiaga ved
20. september går han og forskarkollegaer om bord i fiskebåten «Vestbris». Dei skal prøve noko som aldri før er gjort her i landet: Å få dei største eksemplara av den største tunfisken i verda oppi ein merd.
– Dette vert gjort med makrellstørje i Middelhavet, men under heilt andre forhold. Der er fisken mindre, og står samla for å gyte, forklarer Sistiaga.
Det er dei største individa på 250–350 kilo som legg beitevandringa si til Noreg.
Det mange utfordringar i dagens fiske av makrellstørje, særleg knytt til kvalitet og lønsemd. Det er vanskeleg å kontrollere kor mange fiskar ein får om gongen. Det er også komplisert å få fiskane om bord og avlive dei effektivt og skånsamt. Dette påverkar kvaliteten på kjøttet, og pris. Marknaden blir gjerne fylt med mykje fisk på same tid, som også gir fiskarane dårlegare pris.
Såkalla levandelagring er ei mogleg løysing på desse problema. Men absolutt inga enkel sak.
– Dette er eit ambisiøst prosjekt med veldig mange faktorar som skal stemme. Men ein stad må vi begynne, seier forskaren.
Sistiaga meiner levandelagring kan gi eit meir berekraftig og lønnsamt størjefiske når det kan forsyne marknaden jamt og trutt med fisk av topp kvalitet.

(©NPK)
Publisert: 15.09.2020 13:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25