Kort fortalt

Vil påby forsikring for elsparkesyklar

Mange skadar med slike syklar.

14.07.2020
NPK-NTB: Ansvarsforsikring for elsparkesyklar bør vere obligatorisk, meiner forsikringsselskapet Tryg.
Ein er sjølv ansvarleg for skadar ein valdar personar eller gjenstandar med sparkesykkel. Innbuforsikring dekkjer ofte slike skadar, men det er det mange unge som ikkje har, ifølgje kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg.
– Derfor bør utleigarane av sparkesyklar påleggjast ei obligatorisk forsikring som dekkjer skadar ein påfører seg sjølv og andre når ein leiger desse syklane, seier han.
Dobbelt så mange skadde seg på elsparkesykkel i vår samanlikna i fjor, viser ein rapport frå Oslo skadelegevakt for april 2019 til 2020.

Publisert: 14.07.2020 09:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26