Kort fortalt

Vil redusere trafikkulukker på jobb

Forskar meiner det er stort forbetringspotensial.

03.12.2024

(NPK): Halvparten av dødsulykkene i trafikken involverer sjåførar som køyrer samband med jobb. 

38 prosent av dødsulykkene på norske vegar involverer sjåførar som køyrer i jobb, både yrkessjåførar og andre. 11 prosent involverer personar som køyrer til og frå jobb, men som ikkje er yrkessjåførar, viser ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

– Det å fokusere på arbeidsrelatert trafikktryggleik har eit stort potensial for å redusere dødsulykkene i trafikken, seier forskingsleiar på TØI Tor-Olav Nævestad.

Han viser mellom anna til større moglegheiter til inngripande tiltak mot sjåførar i arbeid på grunn av tilsetjingsforholdet.

Forskarane har samanlikna fokus på trafikktryggleik hos yrkessjåførar og tilsette som køyrer i arbeidet, men som ikkje er profesjonelle sjåførar. Der fann dei store forskjellar.

– Det er framleis eit potensial for fleire tiltak blant dei profesjonelle sjåførane, men hovudresultatet, og det viktigaste dei ikkje-profesjonelle kan lære av dei profesjonelle, er at tryggingsengasjement og tiltak verkar, slår Nævestad fast.

Ifølgje forskaren har tidlegare studiar vist inntil 60 prosent reduksjon i risiko i bedrifter som jobbar med tiltak og kultur rundt trafikksikkerheit.

(©NPK)

Publisert: 03.12.2024 09:48

Sist oppdatert: 03.12.2024 09:48

Mer om