Kort fortalt

Vil revurdere leitestøtte

Ap-topp vil ha debatt om stimulering av oljeleiting.

21.08.2017
NPK-NTB: Marianne Marthinsen (Ap), meiner det bør diskuterast kor stor risiko staten skal ta for selskap som leitar etter olje utan å gå med overskot.
– Det er på sin plass å ha ein kontinuerleg diskusjon om kor stor risiko staten faktisk skal ta i leitefasen, sa Marthinsen, som er finanspolitisk talsperson for Ap, i ein debatt i Arendal førre veke.
Noreg har betalt 70 milliardar kroner til oljeselskap som har leitt etter olje på norsk sokkel og gått med underskot, skriv . Staten dekkjer 78 prosent av kostnadane til selskap som går i underskot på leiting etter olje gjennom leiterefusjonsordninga. Det svarar til 70 milliardar kroner frå 2013 til 2016, ifølgje Finansdepartementet. På den andre sida krev staten like høg skatt på overskotet frå selskapa.
– Dette er i aller høgste grad eit nytt signal frå Arbeidarpartiet. Dette er faktisk eit linjeskifte i petroleumspolitikken til partiet, seier statssekretær Elnar Remi Holmen (Frp) i Olje- og energidepartementet.
– Det er alvorleg og ikkje bra for Noregs største og viktigaste industri, legg han til.

Publisert: 21.08.2017 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41