Kort fortalt

Vil samle Sunnmøre

Ålesundsordførar vil samla Sunnmøre til eitt rike

28.04.2016
(NPK): Skepsisen nord i Møre og Romsdal mot storkommunar kan opna nye dører for kommunane på Sunnmøre, meiner ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal.
– Sunnmøringar skodar ikkje altfor mykje til kva romsdalingar og nordmøringar gjer. Sunnmøringar er laga av eit eige stoff, og vi har tradisjonar for å gå våre eigne vegar, seier Aurdal til
I folkeavstemminga måndag 25. april sa tretten kommunar i Romsdal og på Nordmøre eit tydeleg nei til storkommunar. 19. mai er det sunnmøringane som skal seia kva dei meiner om kommunesamanslåing. Eitt av alternativa er at ni kommunar slår seg saman med Ålesund. Det er eit forslag ordføraren i byen håpar å få fleire med seg på.
– Sunnmøringar har historie for å ta risiko dersom dei har stor nok tru på målet, seier Aurdal, som meiner det er viktig å stå saman for å bli sterke.Ordførar i Sula Jim Arve Røssevoll (Ap) er på si side meir stemt for tettare interkommunalt samarbeid utan kommunesamanslåing.
Det er valforskar Frank Aarebrot skeptisk til. Han meiner resultatet kan bli meir byråkrati og mindre demokrati. Aarebrot rår i staden sunnmøringane til å tenkja på kva som er det beste for Sunnmøre.
– Eg vil tru det er lurt for Sunnmøre å få tilbake kontrollen over regionen, slik at den ikkje lenger vil liggja i Molde, seier Aarebrot. (©NPK)

Publisert: 28.04.2016 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46