Kort fortalt

– Vil seie unnskyld til heile Noreg

Petter Stordalen etter kritisk Hurtigruten-rapport

17.09.2020
(NPK-NTB): Petter Stordalen ber på vegner av styret i Hurtigruten heile Noreg om unnskyldning etter smitteutbrotet om bord på hurtigruteskipet Roald Amundsen.
– Mange er med rette sinna og frustrerte, og det har eg òg vore, sa medeigar og styremedlem Petter Stordalen etter at granskingsrapporten om smitteutbrotet om bord på Roald Amundsen vart lagt fram torsdag. Samtidig bad han heile Noreg om ei unnskyldning.
Stordalen seier at det står att enormt mykje arbeid etter koronahendinga.
– Vi i styret er ikkje i tvil om at konsernsjef Daniel Skjeldam vil ta Hurtigruten ut av denne krisa. Han veit kva som blir kravd, og han veit òg at vi forventar at han ryddar opp, seier Stordalen.
(©NPK)

Publisert: 17.09.2020 20:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25