Per stave produksjon foto per stave 11
LUTEFISK-SPESIALISTAR: Per Stave As på Stadlandet har spesialisert seg på tørrfisk og lutefisk, men har sett marknaden bli mindre dei siste åra. Foto: Per Stave
Nytt

Konkurs for fiskeforedlingsbedrift

Ti tilsette utan arbeid etter at familiebedrift melde oppbod med stor gjeld.

Marius Rosbach
07.06.2022

Fiskeforedlingsbedrifta Per Stave på Stadlandet har meldt oppbod etter nær 50 år i bransjen. Sogn og Fjordane opna konkursbehandling for selskapet før helga.

Ifølgje rettspapira har selskapet ei gjeld på heile 27,5 millionar kroner. Verdiane i selskapet er anslått til ein plass mellom fem og ti millionar kroner.

– Dette er ikkje noko som har skjedd over natta, men utvikla seg over tid, fortel Rune Olav Stave til NETT NO.

Han er framleis dagleg leiar på papiret, men fortel at det er sonen som har stått for drifta det siste året.

Krav frå tidlegare leverandør

Koronapandemien og eit krav frå ein tidlegare leverandør er mellom utfordringane familiebedrifta har møtt dei siste par åra.

I det siste offentlege rekneskapen frå 2020 går det fram at fiskeforedlingsbedrifta, fekk ein dom mot seg med krav om å betale drygt 600.000 kroner. Bakgrunnen var ein avtale med ein tidlegare leverandør som blei sagt opp.

Kravet kom på toppen av ein økonomi som har blitt svakare dei siste åra. Omsetninga var i 2018 oppe i 30 millionar kroner – den beste på ti år. To år seinare var omsetninga nede i 12,3 millionar kroner.

Spesialistar på lutefisk
Per Stave As blei starta opp i 1974 og har heldt til nord for Leikanger på Stadlandet. Bedrifta har spesialisert seg på lutefisk, og har mellom anna dreve i Sverige i ei årrekke.

Rune Olav Stave fortel at familien ikkje har gitt opp håpet om å helde fram drifta derifrå, men seier det er for tidleg å seie noko sikkert om framtida per no.

Bustyrar Endre Rutledal seier til NETT NO at han ikkje har nokon kommentar til konkursen tysdag, men at han skal møte leiinga i selskapet onsdag. Første skiftesamling er 29. juni og frist for å melde krav er fem dagar før.

Publisert: 07.06.2022 16:41

Sist oppdatert: 07.06.2022 20:40

Mer om