Leitar slakteriløysing etter Per Stave-konkurs
Statt Torsk jobbar for fullt for å finne nytt slakteri etter konkursen i fiskeforedlingsbedrifta.
- Det er veldig vanskeleg å seie, svarar dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i Statt Torsk og når selskapet har funne ut kva oppdrettselskapet skal slakte torsken sin.
I fjor vart fiskeforedlingsbedrifta Per Stave på Stadlandet redninga då selskapet som skulle slakte for Statt Torsk trekte seg berre få veker før den første torsken skulle leverast.
Løysinga var ein langsiktig avtale med lutefisk-spesialisten Per Stave as, men tidleg i denne veka gjekk Per Stave as til skifteretten.
Les også
Ti tilsette utan arbeid etter at familiebedrift melde oppbod med stor gjeld.
Frå september skal Statt Torsk lever torsk til slakteriet kvar veke.
Per Stave as skal slakte for Statt Torsk. Inngår langvarig avtale.
Tre veker før Statt Torsk skulle slakte sin første oppdrettstorsk, sa slakteriet nei.
Advokat Endre Rutledal er bustyrar i Per Stave.
Han seier det blir arbeidd gjennom helga og på mandag med å avklare handteringa av konkursen og konkursbuet.
Per Stave hadde ti tilsette då selskapet gjekk til skifteretten.
Nytt selskap
Aktørane i Per Stave etablerte 4. mai i år selskapet P Stave as.
Det nye selskapet skal drive med "Erverv og utleie av eiendommer, samt leieproduksjon av fisk og fiskeprodukter", heiter det i kunngjeringa i Brønnøysundregisteret.
Dagleg leiar og styremeldmen i P Stave er Peder Hårklau Stave. Han er son til Rune Stave, som var dagleg leiar i Per Stave. Rune Stave er varamedlem i styret i det nye selskapet. Styreleiar er Inge Midtbø, som også var styreleiar i Per Stave.
Stig Tore Ervik er styremedlem i P Stave.
NETT NO har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Peder Hårklau Stave, Rune Stave eller Inge Midtbø.
Publisert: 10.06.2022 15:00
Sist oppdatert: 10.06.2022 22:04