KrF er kritiske til at regjeringa har gitt løyve til leiting etter olje utanfor Nordmøre og Trøndelag. Dei fryktar eit utslepp i området kan få katastrofale følgjer for både havfiske- og oppdrettsnæringa.
- Vi kjem til å sende eit skriftleg spørsmål til olje- og energiministeren, der vi utfordrar han på dette, seier stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) til .
Han er svært kritisk og fryktar at det kan få store konsekvensar for fiskeri- og havbruksnæringa i området.
KrF har programfesta at dei er imot oljeleiting i området. Reiten reagerer på at regjeringa opna opp for oljeverksemd berre to dagar etter at Jeløya-plattforma slo fast at Mørefelta skulle vere freda.

Publisert: 12.03.2018 16:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39