Kort fortalt

Vil stramme inn vindkraftutbygginga

Regjeringa legg fram forslag fredag. 

19.06.2020
(NPK-NTB): To til tre år maksgrense frå konsesjonen blir gitt til byggestart er blant innstrammingane regjeringa foreslår i reglane for utbygging av vindkraft, melder NRK.
Regjeringa vil fredag komme med innstrammingar i reglane for konsesjonar til vindkraftutbygging.
Blant endringane er, ifølgje NRK, at det skal gå maksimum to til tre år frå konsesjon blir gitt til bygginga er i gang, og at NVE tidleg skal kunne gi avslag der ein ser at konfliktnivået kjem til å bli høgt.
– Vi kjem med historiske innstrammingar, vi har lytta til mykje av motstanden og vi kjem med gode svar på det, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til .
For fleire av prosjekta det i dag er mykje lokal motstand mot, vart konsesjon gitt for mange år sidan. På Haramsøya, der det den siste tida har vore demonstrasjonar, vart konsesjon gitt i 2008.
Bru seier at regjeringa òg vil foreslå å gi kommunar og fylke meir påverknadskraft enn i dag, utan å utdjupe det vidare.
(©NPK)

Publisert: 19.06.2020 00:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26