Kort fortalt

- Vil ta "dugnadsprofitørar"

Det lovar Monica Mæland.

27.04.2020
NPK-NTB: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) gjer det klart at «dugnadsprofitørar» vil bli straffa.
Mæland nytta høvet under den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen til endå ein gong å minne om kor viktig det er at ingen misbrukar dei økonomiske ordningane som er innførte, mellom anna gjennom permisjonsreglane.
– Det er slik at bedrifter ikkje skal permittere tilsette som kan jobbe. Og tilsette har eit personleg ansvar for å fylle ut meldekorta korrekt kvar 14. dag med informasjon om kor mykje ein har jobba. Det er eit personleg ansvar som kvar enkelt har, sa Mæland.
– Dugnadsprofitørar vil bli etterforska, avdekte og straffa, åtvara ho.

Publisert: 27.04.2020 19:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28