Kort fortalt

Vil utsetje ferjefri E39

Lastebileigarane er skeptiske.

18.12.2019
NPK: Norges Lastebileierforbund og Yrkestrafikkforbundet meiner styremaktene bør utsetja planane om ferjefri E39 og heller prioritera betre vegar.
– Vi ønskjer i første rekkje å prioritera eit betre ferjetilbod, òg om natta, og breiare veg. Det vil gje oss eit vegnett på Vestlandet som vi kan leva med, seier administrerande direktør Geir A. Mo i Lastebileigarforbundet til
Utsegna kjem etter at det frå fleire hald har kome forslag om å endra planane om heilt ferjefri E39.
Fylkespolitikar Frank Willy Djupvik (Frp) i Vestland meiner ein derimot bør halda fast på planane om ferjefri E39. Dersom ein droppar eit ferjefritt alternativ, fryktar han at pengane i staden kan bli brukte til andre formål innan samferdsel på Austlandet.

Publisert: 18.12.2019 16:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31