Kort fortalt

Vil vaksinere laks

Tiltak mot sjukdomen Yersiniose.

06.10.2017
NPK: Oppdrettarar i Midt-Noreg vil vaksinere fisk for å få bukt med aukande førekomst av sjukdommen Yersiniose.
Dette skriv
Sjukdommen Yersiniose kjem av ein infeksjon med bakterien Yersinia ruckeri. Sjukdommen kan gi auka døying blant ei rekkje fiskeartar. Bakteriesjukdommen har tradisjonelt vore utbreidd i settefiskfasen, men har dei seinare åra vore ei aukande utfordring på laks i sjø i Midt-Noreg.
– Det er i området Fosen til Rauma i Midt- Noreg at vi no ser aukande utfordring med sjukdommen. I anlegg fører sjukdommen til både svekka appetitt og døying, seier Lene-Catrin Ervik, leiar for fiskehelse i Åkerblå, til Intrafish.
Ho fortel at førekomsten av sjukdommen ser ut til å ha auka i takt med at ein har lagt om behandlinga av fisk med lus. Til dømes ved at ein nyttar meir ikkje-medisinsk behandling.
Eitt av tiltaka ein ønskjer å sette i verk er vaksinasjon. Ervik tilrår at oppdrettarar i Midt- Noreg vaksinerer fisken.
Ein ser òg på andre tiltak. Mellom anna ønskjer ein å kartleggje moglege smittevegar.

Publisert: 06.10.2017 17:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41