Kort fortalt

Vil vurdere Hordfast på nytt

Hareide misnøgd med klimareknskapen.

07.07.2020
NPK: Vegvesenet meiner det er klimavennleg å byggje bru i staden for å ha ferje på E39 sør for Bergen. Samferdsleminister Knut Arild Hareide ber dei no om å rekne på nytt og ta høgde for ny ferjeteknologi.
– Me skal jo gjera store investeringar på infrastrukturen. Teknologien vil gi oss mange moglegheiter. Då er det viktig for oss at avgjerdsgrunnlaget er best mogleg, seier Hareide til .
Hareide har bedt Statens vegvesen forklare kvifor dei meiner vegprosjektet Hordfast vil gi kraftige kutt i klimagassutsleppa. Vegvesenet har ikkje tatt med i reknestykket at ferjer forureinar stadig mindre.
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland vil ikkje lage ein oppdatert klimarekneskap for Hordfast.
– Den strekninga er ganske lang. Det er behov for fart, og elektrifisering er ikkje så fordelaktig der, seier Hovland.
Samferdsledepartementet seier til NRK at dei vurderer behovet for ytterlegare oppfølging overfor Vegvesenet.
– Når me skal gjera så store investeringar, er det viktig å tenkje kva vi får mest igjen for i eit langt framtidsperspektiv, seier Hareide.

Publisert: 07.07.2020 07:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26