NPK: Ein svensk studie viser at lyden frå vindkraftverk påverkar søvnen negativt.
– Dei vaknar om natta og har vanskeleg for å sovne igjen. Dei kjenner seg mindre utkvilte om morgonen, er meir trøytte og irriterte, seier Kerstin Persson Waye, professor i miljømedisin ved Göteborgs Universitet, til .
Dei ho snakkar om, er testpersonar som har vorte utsette for vindkraftlyd gjennom natta. 50 personar deltok i forskingsprosjektet. Dei vart testa i eit lydmiljølaboratorium i tre netter, der ulike fysiologiske reaksjonar vart målt både under heilt stille forhold og periodar med vindkraftlyd.
Lyden som vart nytta i testrommet, etterlikna lyd av vindkraft utandørs og innandørs, både med vindauge på gløtt og stengd vindauge.
Undersøkinga er også omtalt i Nationen.
Persson Waye fortel at sjølv om menneske som bur nær eit vindkraftverk har rapportert at dei blir forstyrra i søvnen, har dei mangla vitskapleg dokumentasjon. No kan forskarane stadfeste at det finst ei kopling.
– Eg synest resultatet er veldig interessant. Dels med tanke på at vi ser påverknad ved så pass låge nivå, og dels fordi vi ser att objektive data blir støtta av det som testpersonane sjølve seier at dei har opplevd, seier ho.
Ho fortel at informasjonen skal brukast for å ta stilling til dei retningslinjene for plassering som eksisterer i dag.

Publisert: 11.05.2020 11:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27