Kort fortalt

Virke ber om pustehjelp for reiselivsnæringa

Nye reiseråd gjer vondt verre for bransjen. 

08.10.2020
(NPK-NTB): Heile Europa utanfor Norden er no raudt på Utanriksdepartementets smittekart. Virke etterlyser hjelpetiltak til ei reiselivsnæring med knekt rygg.
Ivar Horneland Kristensen, som er administrerande direktør i Virke, seier marknaden no er heilt forsvunne for næringa, etter at også Kypros, Latvia og Liechtenstein, og dessutan ei handfull regionar i Sverige og Finland, vart «raude» på UDs smittekart.
– Dette rådet rammar ei reiselivsnæring som allereie ligg med knekt rygg, seier Kristensen.
Kristensen viser til at kulturen og idretten onsdag fekk 2,5 milliardar kroner i koronastøtte for første halvår av 2021, noko han beskriv som både «riktig og viktig».
– Men det blir feil om to hardt ramma bransjar blir behandla ulikt. No må vi få på plass tiltak som treffer, og det er openbert at kompensasjonsordninga må vere kraftfull nok og treffe bransjane som i stor grad er nedstengde til januar neste år, seier Kristensen.
(©NPK)

Publisert: 08.10.2020 18:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24