VM-ostar blir brende
Endar som fjernvarme.
(NPK-NTB): Restane av dei 4502 ostane som i helga konkurrerte i Oste-VM skal destruerast. No blir dei til fjernvarme i Trondheim.
Osten som vart igjen etter at dommarane i World Cheese Awards i Trondheim smakte seg gjennom 4502 ostar frå alle verdshjørne, skal destruerast. Til saman dreier det seg om fleire tonn ost, som no blir rov for flammane.
Det er krav frå Mattilsynet som fører til at osten må destruerast, ifølgje eit notat Nationen har fått tilgang til av arrangøren. Grunnen til at ostane er underlagt dei strenge reglane, er risiko for smittefare, all den tid dei ikkje er godkjende i det europeiske systemet for import av animalske produkt.
Osten endar dermed sitt liv hos Statkraft Varme på Heimdal i Trondheim. Der blir den brukt til å varme opp fjernvarmevatn, som mellom anna blir brukt til å fyre i Nidarosdomen og på Lerkendal stadion.
(©NPK)
Publisert: 31.10.2023 12:33
Sist oppdatert: 31.10.2023 12:33