Den nye kontrakten med Norled på desse tre sambanda vil sette tilbodet fleire tiår tilbake materiellmessig, skriv MAFOSS i eit ope brev til samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Gamle ferjer, som både tek lenger tid å laste og losse, eller som har vore plaga med tekniske problem og dårlege eigeskapar i det veret vi har her, blir sett inn på desse sambanda. MAFOSS fryktar forseinkingar på Hareid-Sulesund, og kallar bruken av ferja som skal segle Larsnes-Åram-Voksa- Kvamsøy for "uforståeleg".
MAFOSS meiner fylket har brote med sine eigne mål om å tilby dei reisande nytt og funksjonelt materiell, og lovar å arbeide for at fylket og Norled skal kome opp med betre ferjer på desse tre sambanda.
"Når vi oppsummerer det som har skjedd siste tida, har vi ein følelse av at fylket med den kontrakt dei no har underteikna og det materiell Norled har kommunisert dei vil bruke, ikkje ønskjer å prioritere denne regionen. Det er svært skuffande, og må vere svært skuffande for dei som er politikarar frå denne regionen," heiter det i brevet.

Publisert: 03.01.2014 15:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22