Kort fortalt

Vurderer ny vasslov

Uroleg etter tørr sommar.

07.08.2018
NPK: Den tørre sommaren uroar statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet. No vurderer dei ei ny lov for vass- og avlaupstenester.
– Vi skal ikkje lage nye lover utan grunn. Men det kan vere behov for eit juridisk rammeverk som avklarer ansvarsforholda i ein sektor med nye utfordringar, seier Hamar til
Organisasjonen Norsk Vann har lenge etterlyst ei vasstenestelov og meiner behovet er aktualisert av tørkesommaren i år, som har skapt problem med vassforsyninga fleire stadar i landet.

Publisert: 07.08.2018 16:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38