Dette opplyser Fantastiske Osberget i ei pressemelding måndag.
Her er heile pressemeldinga:
Widnes Johansen har arbeidd i lokalavisa i 26 år, og i meir enn 21 av desse åra har han vore ansvarleg redaktør. Ein periode var han også ansvarleg for nettavisa Herøynytt.no.
Gjennom Asle Geir Widnes Johansen si redaktørtid har Vikebladet Vestposten gjennomgått ei rivande utvikling. Styreleiar Lidvar Flydal seier i ei fråsegn at under redaktør Johansen si leiing har verksemda utvikla seg frå eit tradisjonelt avishus til eit fleirmedialt mediehus på ein offensiv måte:
- Mediehuset etablerte seg tidleg med aktiv bruk av dei digitale mediekanalane, og grunnlaget vart tidleg lagt for at Vikebladet.no i dag er i fremste rekkje innan digital publisering i lokale mediehus, slår Flydal fast.
Utanom mediehuset har Asle Geir Widnes Johansen hatt fleire tillitsverv, mellom anna i Møre og Romsdal Redaktørforening.
- 26 år i same avis er lang tid, men Vikebladet Vestposten har vore ein spennande og utfordrande arbeidsplass, seier Widnes Johansen.
No ser han fram til å gjere ein innsats for Fantastiske Osberget, der han først og fremst skal jobbe med tekst, journalistiske oppgåver og innhald på ulike plattformer.
- Osberget er ein spennande arbeidsplass med unge, kreative medarbeidarar. Eg ser fram til eit hektisk og skapande liv.
- Gjennom Asle Geir Widnes Johansen har vi har fått ein ressurs som vi er stolte av. Han vil tilføre oss noko som vi har sett blir stadig viktigare, nemleg godt innhald. Vi har sett at innhald alltid er det viktigaste, seier dagleg leiar Åge Grimstad i Fantastiske Osberget.
- Asle Geir er ein nestor innan mediaverda på Sunnmøre, og ei merkevare innan oppsøkande, kritisk og god journalistikk. Med Asle Geir vil Osberget styrke den delen av verksemda som arbeider med tekst og innhald, seier Magne Grimstad jr., dagleg leiar i Osberget AS
Journalist Anne Gry Eilertsen vil inntil vidare halde fram som konstituert redaktør i Vikebladet Vestposten.

Publisert: 13.01.2014 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22