Olje- og energidepartementet (OED) har gitt Aker BP konsesjon for utbygging av Yggdrasil-området med tilknyting til kraftnettet i Samnanger i Vestland fylke.
Effektbehovet til Yggdrasil er i søknaden anslått til 40 MW i 2026, med ei gradvis opptrapping til maksimalt 150 MW i 2029, skriv næringslivsavisa EnergiWatch.
Konsesjonen er gitt etter energilova og havenergilova.
– Utbyggingsprosjekta vil sikre arbeidsplassar og kompetanse i norsk leverandørindustri i mange år framover. Det blir aktivitet på verfta i Egersund, i Stavanger, i Haugesund, på Stord, i Verdal og i Sandnessjøen, og dessutan hos ei rekkje leverandørar og underleverandørar over heile landet, seier olje- og energiminister Terje Aasland i ei pressemelding.
Aker BP er fornøgde.
– Kraft frå lands-systemet representerer stabil og sikker kraftforsyning til Yggdrasil-området, med svært låge utslepp, under 1 kg/CO2 per produserte oljeekvivalent, skriv selskapet i ei pressemelding.
Det vil omfatte ein 11 kilometer lang 145 kV-kraftleidning i Samnanger, eit kompenseringsanlegg i Årskog i Fitjar og ein 250 kilometer lang 145 kV-sjøkabel frå Samnanger til Yggdrasil-området i Nordsjøen.
Fleire høyringspartnarar er kritiske, mellom anna Samnanger kommune og Vestland fylkeskommune, som er kritiske til korleis dette vil påverke straumprisane og kraftforsyninga i regionen. Fitjar kommune er positiv til tiltaket.
I pressemeldinga skriv regjeringa at dei også ber Stortinget om å godkjenne utbygging av Fenris-området, og dessutan vidareutvikling av Valhall. Aker BP, Equinor Energy AS og LOTOS Exploration & Production Noreg AS er rettshavarar.
Publisert: 31.03.2023 19:31
Sist oppdatert: 31.03.2023 19:31