Kort fortalt
Ålesund-ja til berekraftselskap
Kommunen går inn som medeigar.
16.06.2022
Norsk Berekraftsenter skal vere eit kommersielt selskap som mellom anna skal samordne kommunalt og fylkeskommunalt arbeid med berekraft, ifølge forretningsplanen til selskapet.
Fleirtalet i Ålesund kommune stemte i kveld for å gå inn med pengar i selskapet. Fylke og kommuner skal ikkje eige meir enn tilsaman 25 prosent av aksjane i selskapet etter ei kapitalutviding på i alt 20 millionar kroner.
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylke spår berekraftselskapet vil nå 30 millionar i inntekt i 2025 og vil også ha fylkeskommunen som medeigar.
Publisert: 16.06.2022 22:10
Sist oppdatert: 16.06.2022 22:25