Vil hente 20 millionar til berekraftselskap
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylke spår berekraftselskap vil nå 30 millionar i inntekt i 2025. Vil ha fylket som medeigar.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal gå inn med inntil to millionar kroner og bli eigar av inntil 10 prosent av selskapet Norsk Berekraftsenter As, med hovudkontor i Ålesund. Det er framlegget frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.
Fylkesutvalet skal handsame framlegget 8. juni. Planen er også å få etablert eit investeringsfond som skal investere i berekraftprosjekt.
Kapitalutviding
Til saman 20 millionar kroner skal hentast inn i ei kapitalutviding i Norsk Berekraftsenter As, der fylke og kommunar ikkje skal eige meir enn 25 prosent av aksjane.
I sitt tredje driftsår - 2025 - skal selskapet ha 30 millionar kroner i inntekter og 25 millionar kroner i kostnadar, ha fått ein internasjonal marknad og ha 20 tilsette, ifølgje utkastet til forretningsplan som er lagt ved framlegget til møtet i Fylkesutvalet.
Skisserer inntektspotensial
Inntektene til selskapet skal kome frå kommunar, fylkeskommunar, privat sektor, akademia, organisasjonar og finans, ifølgje forretningsplanen.
Den talfestar inntektspotensialet frå kommunane i oppstartsperioden til 16 millionar kroner. Kva som er venta av inntekter frå kvar einskild av dei andre potensielle kundegruppene er ikkje talfesta.
Samordne satsing
Norsk Berekraftsenter skal medverke til å samle og samordne innsatsen fylkeskommunen og kommunane gjer for å få til det meldinga omtalar som ei berekraftig utvikling.
Det omfattar mellom anna den såkalla framtidslaben i Ålesund, og regionutviklingsselskapet The North West. Selskapet The North West blir avvikla, dei tilsette blir overført til det nye selskapet og verksemda vidareført der.
Les heile saklista til møtet i fylkesutvalet torsdag 9. juni (ekstern lenke)
Ideen om Norsk berekraftsenter er utvikla i eit samarbeid mellom Ålesund, Molde og Kristiansund og Møre og Romsdal fylkeskommune saman med United Cities, NHO, The North West, NTNU og Augmentcity, ifølgje framlegget til vedtak.
"Aktivitetane aktørane driv med i dag har til dels små fagmiljø som er sårbare, men med høg kompetanse. Dersom vi skal behalde og vidareutvikle denne må vi samle oss i meir attraktive fagmiljø som framover kan tiltrekke seg enno meir kompetanse.", heiter det framlegget.
I eit innlegg som er sendt til NETT NO signert av mellom andre fylkesordførar Tove-Lise Torve og fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik står det at "Senteret er tenkt som eit ideelt aksjeselskap eigd av partnarar frå det offentlege og privat sektor, frå akademia, organisasjonar og finans med ei økonomisk berekraftig drift, uavhengig av driftstilskot frå eigarane."
Dette skal Norsk berekraftsenter levere
I eit foreløpig utkast til forretningsplan - heiter det i melding som fylkeskommunen har lagt ut på si nettside - er det planlagd at senteret skal levere:
- Måling og evaluering: Dele og utvikle kunnskap om data, målingar og bruk av teknologi for å skape forståing og gjere det enklare å ta gode val for samfunnsutvikling.
- Simulering og strategisk planlegging: Simulere ulike framtidsbilde for at politikarar, industri og innbyggarar enklare kan forstå konsekvensane av vala dei gjer.
- Kompetanse og leiarutvikling: Læringsprogram basert på United Cities- program til leiarar; ordførarar, toppleiarar, administrerande direktørar, leiarar og samfunnsaktørar.
- Prosjektutvikling og finansiering: Rettleiing og opplæring i å iverksette og gjennomføre prosjekt med fleire partnarar i tillegg til bistand til ulike finansieringsløysingar.
Omstridd selskap
Norsk berekraftsenter skal mellom anna samarbeide med det i fylkespolitikken omstridde berekraftrating-selskapet R8me as. Eit eigedomsselskap fylkeskommunen er medeigar i, kjøpte i fjor halvparten av aksjane frå ein tilsett i fylkeskommunen.
Dette står det om samarbeidet med R8me i utkastet til forretningsplan for Norsk berekraftsenter as, som er vedlagt framlegget til Fylkesutvalet:
"I 2025 kan virksomheter forvente rapporteringsplikt på bærekraft, også i små og mellomstore bedrifter. Bærekraftmåling av virksomheter kan kreve modning av flere aktørers tankesett. For de virksomhetene som ikke vet hvordan de skal starte på bærekraftsarbeidet, kan en måling av egen virksomhet ihht denne metoden være en god kick-start, og en fin ramme for det videre arbeidet. Det legges derfor til grunn at bærekraftssenteret inngår et samarbeid med R8Me. Metoden som ligger til grunn for denne bærekraftsmålingen bygger på United Cities’ metode for måling av byer og samfunn og kan sees i sammenheng med FNS bærekraftsmål og ESG. Metoden konkretiserer bærekraft i små og mellomstore virksomheter for alle dimensjonene av FNs bærekraftsmål. Allerede har R8Me vist et solid forretningspotensialt og produktet/tjenesten svarer opp mange behov i SMB-markedet."
(SMB betyr små og mellomstore bedrifter, ESG er ei forkorting for Miljø- , Sosiale- og Forretningsetiske forhold.)
Førebels anonyme medeigarar
I tillegg til fylkeskommune skal kommunestyra i Ålesund, Molde og Kristiansund ta stilling til om dei skal bli med på eigarsida. Dei andre namngitte potensielle eigarane er Augment City as og United Cities as og eventuelt også Sula kommune.
Augment City er eit datterselskap av Offshore Simulator Centre, med NTNU, Team OSC (tilsette) Solstad Ålesund, Sintef og Kongsberg som aksjonærar.
United Cities as er eit selskap under stifting. I dag er United Cities ei foreining med Kari Aina Eik som styreleiar og dagleg leiar. Kven som skal vere medeigar i United Cities as er ikkje opplyst i sakspapira.
I tillegg er det tre andre, ikkje namngitte, potensielle eigarar i Norsk berekraftsenter, ifølgje utkastet til forretningsplan.
Kjem Sula med, foreslår fylkeskommunedirektøren at fylket blir eigar av åtte prosent av aksjane, som tilsvarar ei investering på 1,8 millionar kroner.
Juridisk direktør med eige selskap
Selskapet Norsk berekraftsenter as er ikkje registrert i Brønnøysundregisteret. Der er derimot selskapet Norsk Bærekraftsenter as, som blei stifta 28. mars i år, med Møre og Romsdal fylkeskommune sin juridiske direktør Gudmund Lode som eigar og styreleiar - og dattera som varamedlem i styret.
Det er ei selskapsetablering som har vakt ei viss oppsikt blant fylkespolitikarar, men som Lode avdramatiserer.
Planen er å drive konsulentverksemd i regi av selskapet han har skipa, etter at han pensjonerer seg seinare i år.
Lode skal korkje vere medeigar i det planlagde selskapet Norsk berekraftsenter, konkurrere med, eller arbeide for selskapet. Han skal heller ikkje eller tene pengar på å selge namnet på sitt eige selskap til berekraftselskapet mellom andre fylkeskommunen vil etablere, seier han til NETT NO.
Bakgrunnen for val av selskapsnamn i hans eige selskap er at det under diskusjonane om etablering av eit berekraftselskap med fylket som medeigar var eit ønskje om eit namn som signaliserer at det skal vere eit nasjonalt selskap. Samstundes var det og signal om at aktørar på Austlandet også kunne vere interessert i eit slikt namn, seier Lode.
Det utløyste at Lode privat etablerte selskapet Norsk Bærekraftsenter med 30.000 kroner i eigenkapital. Dermed er namnet sikra, og om planen om å etablere Norske berekraftsenter blir gjennomført, kan det nye selskapet i følgje Lode enten kjøpe Norsk Bærekraftsenter for summen Lode gjekk inn med i eigenkapital, eller han kan endre namn på sitt eige selskap slik at namnet Norsk Bærekraftsenter blir frigitt og tilgjengleg på det viset.
Publisert: 06.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 22.06.2022 07:55