Anders Riise
UTSETT: Anders Riise og Monica Molvær frå Høgre fekk fylkesutvalet med på å utsette avgjerd om fylkeskommunen skal investere og medverke til etablering av selskapet Norsk Berekraftsenter.
Nytt

Nederlag for administrasjonen om berekraftselskap

Fylkesutvalet utsette etablering av Norsk Berekraftsenter. Kontrollutvalet skal vurdere ratingselskap-investering.

13.06.2022

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik har fått frist til 20. juni til å legge fram meir informasjon om det planlagte selskapet Norsk Berekraftsenter As, og kvifor Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere medeigar.

Det er utfallet etter at fylkesutvalet førre veke utsette å ta stilling til om fylkeskommune skal vere med i eit slikt selskap.

No skal saka om opp igjen på neste møte i fylkesutvalet, 20. juni. Det møtet blir halde i samband med at også fylkestinget er samla.

Tvilar på tidsplanen
Møre og Romsdal fylkeskommune skal gå inn med inntil to millionar kroner og bli eigar av inntil 10 prosent av selskapet Norsk Berekraftsenter As. Selskapet skal mellom anna vere med å samordne såkalla berekrafttiltak i fylkeskommunale og kommunale regi,

Det var framlegget til vedtak frå fylkeskommunedirektøren, som eit samrøystes fylkesutval valde å utsette.

Fylkestingsrepresentant og fylkesutvalsleiar Anders Riise (H) var ikkje nøgd med informasjonen fylkespolitikarane fekk, mellom anna i utkastet til forretningsplan for Norsk Berekraftsenter as. Han seier til NETT NO at han tvilar på at fylkeskommunedirektøren rekk å legge fram meir og god nok informasjon til at fylkesutvalet vil ta ei avgjerd i neste veke.

Til sist er det fylkestinget som skal avgjere om fylkeskommunen skal vere med eller ei.

Anders Riise og partifelle Monica Molvær foreslo først å utsette saka til handsaminga av økonomiplanen for Møre og Romsdal, men endra i debatten framlegget til å berre utsette saka - som i praksis blir til 20. juni.

Fleire utsetjingar
Også etablering av "United Cities Internship Program" på Campus Kristiansund blei utsett.

Målet for Internship-programmet er å utdanne «changemakers» -endringsagentar for berekraftig utvikling – som kan reise tilbake til heimstaden sin eller ut i verda og sette i gang nye berekraftsprosjekt i eigen regi, heitte det i framlegget frå administrasjonen.

Programmet skulle vere eit samarbeid med United Cities. United Cities as er eit selskap under stifting. I dag er United Cities ei foreining.

Ratingselskap-investering under lupa
Kontrollutvalet i Møre og Romsdal vil ha vurdert investeringa selskapet Fylkeshuset as har gjort i berekraftratingselskapet R8me.

Fylkeshuset har fylkeskommunen som majoritetseigar, og kjøpte i fjor ut aksjeposten på 50 prosent som ein fylkeskommunalt tilsett eigde i R8Me for fem millionar kroner.

I følgje utkastet til forretningsplan for Norsk Berekraftsenter skal det vere eit samarbeid melllom R8me og Norsk Berekraftsenter.

Dette er henstillinga frå leiar i kontrollutvalet, Terje Hals:

*Er kjøpet av R8ME as i tråd med politiske signal og i samsvar med
vedtektene?

*Er prising og oppgjørsform i samsvar med lov og fylkeskommunen sitt
etiske regelverk?

*Er det etiske regelverk i fylkeskommunen for de ansatte, ivaretatt? En
ansatt som bruker så mye tid på ekstern aktivitet, og på grunnlag av
kunnskap anskaffet via sin fylkeskommunale stilling. Er, eksempelvis
bruk av så mye arbeid eksternt godkjent?

*Er organisering med at fylkeskommunale ledere skal være
leder/styreleder i Fylkeshuset AS, samtidig som de innehar verv i
eierskapsgruppen, hensiktsmessige i forhold til reglement og lov?

*Er hensynet til åpenhet ivaretatt? Det står bare en liten linje i
fremlegget til fylkestinget ved etablering av Molde Bærekraft Hub i
desember 2021.

*Kontrolldirektøren får fullmakt til å innarbeide ytterligere
problemstillinger i prosjektet.
»

Kontrollutvalet tek referatsaka til orientering og ber kontrolldirektøren gjere sine vurderingar, heiter det i vedtaket frå kontrollutvalet.

Publisert: 13.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.03.2023 14:25

Mer om