NPK-NTB: Åndalsnes har sett ny noregsrekord for høg temperatur i januar med 18,6 grader, melder Meteorologisk institutt.
Den førre rekorden har stått sidan 1989. Då vart det i januar målt 17,9 grader i Tafjord på Sunnmøre.
For mange har det vore ein mild og våt vinter hittil. Skal vi tru klimaforskarane, er det mykje som tyder på at dette òg vil halde fram framover.
– Både langtidsvarselet, vanleg vêrvarsel og sesongvarselet peikar i den retninga. Slik det ser ut akkurat i dag, ligg det an til å bli ein mild vinter fram til slutten av mars, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UiB til .
Han peikar på global oppvarming som ei årsak for at vintrane blir mildare i Noreg.

Publisert: 02.01.2020 09:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31