Kort fortalt

ÅRIM-tilsett med korona

Skal teste alle som har vore utanlands.

10.08.2020
ÅRIM /Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS) har ein tilsett som har testa positivt på Covid 19. Testen var utført torsdag 6. august, svarresultatet kom i kveld, fredag 7. august, opplyser Åleesund kommune i ei pressemelding.
ÅRIM har denne veka innført rutine på å koronateste alle som har vore i heimlandet i sommarferien. Ingen som har vore utanlands går no på jobb før dei har testa negativt. Den positive testen var utført som rutinetest etter at tre av renovatørane til ÅRIM kom tilbake frå Bulgaria og Latvia forrige veke.
Ein testa positivt, to negativt. Ingen av dei tre har symptom.
ÅRIM opplyser at renovatøren dette gjeld har køyrt i Ørskog og Skodje denne veka. I fire av fem dagar var han sjåfør og sat inne i bilen heile arbeidsdagen. Den femte dagen dagen jobba han også bakpå bilen og tømte dunkar. Dagleg leiar i ÅRIM har vore i kontakt med bedriftshelsetenesta og kommunelegen i Ålesund i samband med koronasmitten.
- Det er kartlagt kven renovatøren har vore i kontakt med, kva personar som potensielt kan vere smitta, og kommunelegen har kome med bestilling på kven som skal testast rundt den smitta. Alle desse blir kontakta og det blir gjort avtale om testing. Det er ikkje mistanke om smitte ut over nærkontakter som allereie er i karantene og som skal testast, seier dagleg leiar Øystein Solevåg i ÅRIM, i pressemeldinga.
Kommuneoverlegen vurderer sjansen for smittespreiing via renovasjonstenesta som lite sannsynleg. Renovatør har vore inne i bilen i fire dagar, han har henta, tømt og sett tilbake dunkar ein dag. Dette er ikkje ei smittespreiingskjelde kommunelegen uttrykker bekymring for. Tenesta foregår utandørs i frisk luft og med ultrafiolett lys. ÅRIM har også praktisert rutiner for hyppig skifte av hanskar. I tillegg har renovatøren vore symptomfri utan hoste.
- Symptomfrie personar som testar positivt for korona blir vurdert som mindre smittsame enn dei som har symptom. Smittevernrutiner med regelmessig handhygiene og hyppig hanskeskift gjer smittespreing i denne samanhengen lite sannsynleg, seier fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen.

Publisert: 10.08.2020 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25